Møblar
Det er ikkje tollavgift på innførsel av møblar, men det er meirverdiavgift. Dersom du handlar varer over verdigrensa må du deklarere varene for prosedyren overgang til fri disponering på grensa.
Dersom du handlar varer for ein samla verdi under verdigrensa, treng du ikkje å betale meirverdiavgift eller andre avgifter. Verdigrensa er på 3 000 eller 6 000 kroner avhengig av kor lenge du har vore ute av Noreg og gjeld når du sjølv reiser med varene.
Dersom du har handla over verdigrensa skal du betale meirverdiavgift. Satsen er 25 prosent, og grunnlaget for utrekning er tollverdien tillagt andre avgifter. I dei fleste tilhøva vil dette utgjere kjøpesummen og fraktkostnadene.
Verdigrensa
Meir enn eitt døgn
Dersom du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil 6 000 norske kroner utan å betale tollavgift og andre avgifter. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, bortsett frå kvotevarene.
Mindre enn eitt døgn
Er utanlandsopphaldet kortare, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg varer for 3 000 norske kroner tollavgift- og avgiftsfritt. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, bortsett frå kvotevarene.
Verdigrensa
Les meir om verdigrensa
Relatert innhold
Oppdatert: 26.1.2023