Er det tollavgift på bøker, aviser, tidskrifter og andre trykksaker?

Bøker

Er det tollavgift på bøker, aviser, tidskrifter og andre trykksaker? Nei, du skal ikkje betale tollavgift eller meirverdiavgift på bøker til eige bruk.

Når gjeld fritaket?

Fritaket for meirverdiavgift gjeld som regel også:

  • aviser og tidsskrift
  • teikneseriar gjeve ut i bokform
  • songbøker
  • lydbøker som har same innhald som ei trykt bok

Eksempel:

  • du betalar ikkje meirverdiavgift dersom du bestiller ei bok samtidig med andre varer frå same nettbutikk, og der boka er bestilt uavhengig av dei andre varene

Når gjelder ikkje fritaket?

Fritaket gjeld ikkje for:

  • bøker som vert selde saman med ein anna type vare og som er ein del av ei felles vareeining.

Eksempel:

  • du betalar meirverdiavgift for ei bok som du bestiller saman med ei t-skjorte som ei samla vare med felles pris

Det kan i enkelte tilfelle vere vanskeleg å vite kva som vert rekna som ei bok og ikkje.

Kva er ikkje ei bok?

Skatteetatens ansvar fra 1. januar 2017

Skatteetaten overtok forvaltningsansvaret for merverdiavgift ved innførsel 1. januar 2017. For mer informasjon om fritak for merverdiavgift ved innførsel av bøker og andre trykksaker, gå til Skatteetatens nettsider.

Oppdatert: 12.12.2024