Privat innførsel av alkohol i sendingar

Privatpersonar kan innføre øl, vin, brennevin og anna alkoholhaldig drikke til personleg bruk i sendingar utan å søkje om løyve.

Aldersgrenser og alkoholprosent

For å innføre alkoholhaldige drikkevarer må du vere over 18 år. For brennevin eller anna drikke med alkoholstyrke over 22 volumprosent, må du vere over 20 år.

Det er forbudt å innføre alkoholhaldig drikk som inneheld over 60 volumprosent alkohol.

Kva er privat innførsel?

For at innførselen skal reknast som privat innførsel må privatpersonar på eiga hand innføre den alkoholhaldige drikken og stå som importør både formelt og reelt. Den innførte alkoholhaldige drikken skal vere meint for bruk i privat samanheng, til dømes til eige bruk eller i familien.

Det vert ikkje rekna som privat innførsel dersom fleire private personar går saman om ein felles innførsel der ein person står for bestillinga. Det vert heller ikkje rekna som personleg bruk dersom den som tek imot alkoholdrikken, som ein annan privatperson har innført, betalar for den eller yter andre tenester i gjengjeld. Det er ingen andre enn kjøpar, selgar i utlandet og ein transportør, som kan involverast i sals- og utleveringsprosessen.

Deklarering for prosedyren overgang til fri disponering

Transportøren vil normalt deklarere sendinga for prosedyren overgang til fri disponering på vegne av deg, og leggje ut for avgiftene.

Dersom du sjølv ønskjer å deklarere sendinga, må du på førehand avtale dette med transportøren. Transportøren sender deg ei melding om at sendinga er komen og registrert inn på sitt tollager. Meldinga inneheld mellom anna registreringsnummeret sendinga har i tollageret til transportøren. Deretter oppsøkjer du nærmaste tollkontor og deklarerer sendinga for prosedyren overgang til fri disponering. Etter dette må du kontakte transportøren for å avtale levering eller henting av sendinga.

Utrekning av avgift

Dette må du betale ved innførsel av alkohol:

  • alkoholavgift
  • emballasjeavgift
  • miljøavgift og grunnavgift (nytt fra 1.1.2024)
  • frakt
  • meirverdiavgift
  • i nokre tilfelle tollavgift
  • eventuelt deklareringsgebyr til speditør/tollrepresentant (til dømes Posten) etter deira satsar

Alkoholavgifta

For å rekne ut alkoholavgifta må du vite alkoholstyrken på drikken du ønskjer å innføre. Det er fem ulike avgiftssatsar:

Informasjon om avgiftssatsar for alkohol for 2024

Alkoholhaldig drikkVolumprosent alkoholKroner
Basert på brennevinover 0,78,77 pr. volumprosent og liter
Lettøl og annaover 0,7 t.o.m. 2,73,53 pr. liter
Lettøl og annaover 2,7 t.o.m. 3,713,28 pr. liter
Øl og annaover 3,7 t.o.m. 4,722,99 pr. liter
Vin og sterkølover 4,7 t.o.m. 22,05,14 pr. volumprosent og liter
Brennevinover 22,0 t.o.m. 60,08,77 pr. volumprosent og liter
a11y-title

Les meir om alkoholavgifta

Meirverdiavgift

Meirverdiavgifta på alkohol er 25 prosent av den totale summen når du legg saman
pris på vara +
eventuell tollavgift og andre avgifter +
frakt +
eventuell forsikring +
eventuelle gebyr, provisjonar eller liknande.

Nokre rekneeksempel på avgifter (satsar for 2024)

Vin, éi kasse (12 stk, 0,75 liter, 13 %)

Innkjøpspris:kr 600,00
Frakt:kr 300,00
Særavgifter:
- avgift på alkohol, kr. 5,14 pr. volumprosent og literkr 601,28
- miljøavgift på drikkevareemballasje (glas), kr 6,71 pr. emballasjeeiningkr 80,52
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,38 pr. emballasjeeiningkr 16,56
Meirverdiavgift 25 %kr 399,61
Totalt å betale: kr 1997,97

Øl, éi kasse (24 stk, 0,33 liter, 4,7 %)

Innkjøpspris:kr 120,00
Frakt:kr 300,00
Særavgifter:
- avgift på alkohol, kr 22, 99 pr. literkr 182, 08
- miljøavgift på drikkevareemballasje (metall), kr 6,71 pr. emballasjeeiningkr 161,04
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,38 pr. emballasjeeiningkr 33,12
Tollavgift kr 1,28 pr. literkr 10,14
Meirverdiavgift 25 %kr 201,60
Totalt å betale:kr 1007,98

Brennevin, éi kasse (12 stk, 0,70 liter, 40 %)

Innkjøpspris:kr 1 600,00
Frakt:kr 300,00
Særavgifter:
- avgift på alkohol, kr 8,77 pr. volumprosent og literkr 2 946,72
- miljøavgift på drikkevareemballasje (glas), kr 6,71 pr. emballasjeeiningkr 80,52
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,38 pr. emballasjeeiningkr 16,56
Meirverdiavgift 25 %kr 1 235,95
Totalt å betale:kr 6 179,75

I tillegg kjem eit gebyr for å deklarere vara., Dette er avhengig av kven som fraktar og deklarerer vara for deg.


Adventskalender med brennevin (24 stk, 0,03 liter, 40%)

Innkjøpspris:kr 1500,00
Frakt:kr 300,00
Særavgifter:
- avgift på alkohol, kr 8,77 per volumprosent og literkr 252
- miljøavgift på drikkevareemballasje (glas), kr 6,71 pr. emballasjeeiningkr 161,04
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,38 pr. emballasjeeiningkr 33,12
Meirverdiavgift 25 %kr 561,68
Totalt å betale:kr 2808,42

Adventskalender med øl (24 stk, 0,33 liter, 4,7%)

Innkjøpspris:kr 500,00
Frakt:kr 300,00
Særavgifter:
- avgift på alkohol, kr 22,99 per literkr 182,08
- miljøavgift på drikkevareemballasje (metall), kr 6,71 pr. emballasjeeiningkr 161,04
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,38 pr. emballasjeeiningkr 33,12
Tollavgift kr 1,28 per literkr 10,14
Meirverdiavgift 25 %kr 296,60
Totalt å betale:kr 1482,98

Oppdatert: 1.1.2024