Personvern i rekrutteringsløysinga
Føremålet med rekrutteringsløysinga i DFØ HR er at Tolletaten skal kunne ta stilling til søknader i rekrutteringsprosessar.
Vi vil også kunne nytte opplysningane til statistikkføremål. Det er frivillig å bruke tenesta og du kan reservere deg mot at vi lagrar opplysningane om deg utover tilsettingsprosessen ved å sende e-post til [email protected]. Når tilsetjingsprosessen er ferdig, vil vi berre nytte opplysningar til statistikkføremål. Behandlingsansvarleg for skjemaet er HR-avdelinga ved organisasjonsseksjonen i Tolletaten.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) driv løysinga.
Formidling av opplysningar til tredjepart
Vi gir den offentlege søkjarlista til alle som ber om innsyn. Ein part i ei tilsetjingssak vil få innsyn i den utvida søkjarlista dersom han eller ho ber om det. Ein part i ei tilsetjingssak har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med visse grenser, sjå forvaltningslovforskriften § 15 til § 19.
Innsyn og retting av opplysningar
Du kan be om innsyn i opplysningane du har sendt inn, ved å ta kontakt med Tolletaten. Dersom du ønskjer å reservere deg frå at vi nyttar opplysningane til statistikkføremål, send ein e-post til [email protected] . Dersom du oppdagar feil, og vil rette eller slette opplysningar, må du ta kontakt med Tolletaten på [email protected].
Relatert innhold
Oppdatert: 14.5.2024